God laginnsats på Bergenslekene!

Postet av Hovding den 31. Aug 2015

God laginnsats på Bergenslekene
Hovding stilte med 3 stafett-lag!
Omlag 300 utøvarar deltok på dei 21. Bergenslekene på Leikvang i helga. Svært mange gode resultat og stevnerekordar vart oppnådd, og Leikvang stadion vil vise igjen på den nasjonale årsstatistikken til tross for svært varierande vær-forhold. Me ser gjerne at fleire av våre rekruttar deltek på eigne stevner.

I J18/19 stilte Naomi Van den Broeck til start på 200m hekk til tida 28,57 - dette er årsbeste i verden i ein riktignok ikkje svært nytta øvelse. Naomi vann også lengde med 5,42. Renate Christianslund sprang inn til 13,86 på 100m i eit tett oppgjer, vart nummer fire med få tidelar til sølvmedalje!

Det vart dobbelsiger til Hovding i kule gutar 13 år med Sebastian W. Rolland og Erlend Bro Bragstad hhv med 9,91 og 8,75 - Erlend også med fin pers. Sebastian vann også diskos med 27,78 og spyd med 34,42. På 200m fekk Sebastian 28,14 som heldt til bronse.

I eit svært sterkt G15-heat på 100m oppnådde Ruben Aadland 13,44, samt 26,77 på 200 m som gav fjerdeplass etter flott spurt, berre 7/10 bak nr 2.

I J13 vann Eva Moldestad sølvmedalje på 200m hekk med 35,41 og Hanna Sætre med 38,70 fekk bronse! Eva vart fjerde jente på 200m med 29,72 og Hanna vart beste Hovding-jente med 5. plass i lengde etter 4,15 i første forsøk. Nikoline Bruvik fekk sølvmedalje i høgde med pers 1,17, sølvmedalje også i spyd. I kule vart det bronsemedalje 8,32, noko bak pers.

I G12 fekk Gabriel Kanestrøm 2. plass i spyd med 17,83 med Ahmed og Lukas på hhv. bronse- og fjerdeplass. Patrick Naustdal fekk bronsemedalje for 1,12 i høgde. Gabriel vart beste Hovding-gutt med fjerdeplass på 60m hekk med 12,63. I lengde vart Ahmed beste Hovding-ar med finaleplass og nummer åtte med 3,76 med øvrige klubbkameratar tett bak.

I J12 vann Miriam V. Ohrvik bronsemedalje med 14,49 i spyd, og Anna Katrina Weir var raskaste Hovding-jente med 9,80 i kraftig motvind på 60m.

I J11 vart Andrea Markhus Paulsen beste Hovding-jente i lengde med 3,46 på 6. pass i ein svært jevn konkurranse, samt 80m med 12,88 og 7. plass.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc