Foreldre Møte

Postet av Hovding den 13. Sep 2015

Innkalling til foreldremøte
Hovding friidrett kallar med dette inn til foreldremøte for alle utøvarar.

Tid: Torsdag 17/9 kl 19.00-1930
Stad: Leikvang friidrettshall

1) Presentasjon av styret og trenar-team:
Endringar i teamet krev meir foreldreinnsats for å oppretthalde noverande tilbod.
Minner om at gruppa har NULL dugnad utover eigne arrangement - unikt?
Behov: 2 foreldre som kan aktivisere rekruttane 7-9 år mandagar og torsdagar
Behov: 2 foreldre som kan melde seg på trenar 1 kurs, sjå Hovding friidrett treng trenarar!
NB! Dersom dette ikkje let seg gjere vil treningstilbodet bli avgrensa framover.

2) Sosial-komite - ansvar for å arrangere:
a) årsfest - 100 gjester til ferdigpizza og kaffi/kaker i mars
b) sommaravslutning juni - ca 40 stk til grilling og foreldrestevne
c) NYTT: månadleg sosial kveld m kveldsmåltid i klubbhus eller hall etter trening
d) NYTT: treningshelg med sosial profil og overnatting i klubbhus eller hall (med trenarar)
e) kafe under Hovdingleikane og Bergenslekene
Behov: 2 foreldre samt Torhild Vellinga (leiar) i samarbeid med styret

3) Arrangementskomite stevner:
4 stk rulett-stevner (treningsstevner) på treningskveldar
Hovdingleikane (vår) lørdag: 1 møte før stevnet
Bergenslekene (ettersommar) lørdag+søndag: ca 2 møter før stevnet, 1 etter
Behov: Styret + Rune Tuft + tilgjengelege foreldre

Vel møtt!

Hovding friidrett
styret



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc